Klassekampen 21 sept 2002
Då Raude Armeen i april
1945 invaderte Berlin vart 90-100.000 kvinner utsette for massevaldtekter. – Om
ikkje ordskiftet om tyskarane sine lidingar under 2. verdskrigen kjem opp vil
ytste høgre utnytta det, seier Antony Beevor.
Av Håkon Kolmannskog,
Gøteborg lørdag 21. september, 2002

Stalingrad 1. februar 1943. Ein
russisk soldat står i ruinane av byen som skulle bli sjølve vendepunktet i 2.
verdskrigen. Foran overlevande tyske soldatar peiker han og seier: Slik vil
Berlin sjå ut!
Berlin 30. april 1945. Det raude
flagget blafrar i vinden på toppen av Reichstag. Den raude armé har inntatt den
ein gong så fryktinngytande tyske hovudstaden. Byen er sønderskoten og bomba.
Hitler har tidlegare på dagen tatt sitt eige liv, men det veit dei færraste om
enno. Det er tid for hemn. Oppgjerets time har kome.
Antony Beevor, forfattaren av suksessboka Stalingrad fortsetter der han slapp i
den nye besteljande boka si Berlin. The downfall 1945. Den nye boka er solgt til
21 land og har alt seld meir enn tre gongar så mykje som den førre. I samarbeid
med BBC har det blitt ein prislønna dokumentarfilm av det også. Boka kjem no på
svensk på forlaget Historiska Media. Den norske utgåva lar venta på seg. Ikkje
før i 2004 vil Damm gje ut boka. Beevors førre bok, Stalingrad kjem på Spartacus
denne hausten.
Engelskmannen møter oss på Avenyn, gata som for eitt år sidan sjølv såg ut som
ei krigssone. Lite minner om dét i dag: Beevor er sliten etter to dagar med
føredrag, seminar og intervju. Men stiller gjerne opp til frukostprat i
solskinnet.
Sjakkbretthistorie
Treng verkeleg verda fleire dokumentarar
om 2. verdskrig, lurer vi på.
– Det er eit viktig spørsmål. I 1995, ved femtiårsmarkeringa av slutten på 2.
verdskrigen vart det gjeve ut eit uttal av dokumentarar, fagbøker, memoarar og
biografiar. Mange, eg og, tenkte at det ikkje var meir å skriva om denne
perioden, seier Beevor.
Det gjekk likevel raskt opp for han at millitærhistoria til då hadde vore skrive
som ei «sjakkbretthistorie». Fokus hadde ligge på troppeforflytningar,
våpenutvikling og millitærstrategi. Med betre tilgang til dei russiske arkiva
var det no mogleg å skriva millitærhistoria sett frå to sider: Soldaten og dei
sivile si side, og dei millitære og politiske leiarane si.
– Det har vore for lett å gjera det eine eller det andre. Tidlegare gløymde ein
folket og skreiv utelukkande om eliten. På 1970 og -80-talet fekk vi den
motsette effekten: Ein skulle skriva historie «nedanfrå». Det er vel og bra, men
det blir for dumt når «kulturhistorikarar» utan eit fnugg av kunnskap om det
millitære systemet og millitær strategi skriv krigshistorie, seier Beevor, som
er tidlegare offiser.
Beevor meiner det mest fruktbare er å kombinera dei to perspektiva. Med å dra
inn kunnskap om korleis krigen verka inn på dei sivile og dei menige soldatane
blir Hitler og Stalins avgjerder sett i nytt lys.
Massevaldtekt
Noko av det mest sjokkerande i boka til
Beevor er skildringa av omfanget av massevaldtekter utført av Raude Armeen.
Historikarar reknar med at om lag to millionar tyske kvinner vart valdtekne av
russiske soldatar ved invasjonen frå aust mellom januar til april 1945. Beevor
stør dette talet og viser mellom anna til at berre i Berlin var det rapportert
så mange som 90-100.000 kvinner utsette for valdtekt, ofte av ti-femten soldatar
om gongen.
Denne tragiske delen av krigshistoria har vore teidd om av alle partane i 2.
verdskrigen. Dei russiske soldatane vegrar seg for å prata. I Tyskland har
skammen vore for stor. Men arkiva i Russland vitnar om ein armé ute av kontroll,
og offiserar som ikkje ønskte å hindra patriotisk hevlyst mot tyskarane. Stalin
visste også om det heile. «La gutane våre få ha litt moro», var
generalsekretæren sin kommentar til rapportane om massevaldtekter. I dag finn
fleire og fleire vaksne tyskarar ut at dei har ein russisk valdtektsmann til
far.
– I boka hevdar du at hevmotivet berre er ein del av forklåringa på dei russiske
massevaldtektene?
– Det er ingen tvil om at hemn for dei to åra tyskarane invaderte og øydela
Sovjet var eit viktig motiv for mange. Valdtekt var ein måte å dehumanisera sine
tidlegare overgriparar og «ta igjen» på. Men denne logikken forsvinn delvis når
det viser seg at også polske kvinner vart valdtekne, seier Beevor.
– Til og med jødiske kvinner som hadde overlevd innanfor tyske grenser vart
valdtekne. Ja, kommunistiske russiske kvinner frigjevne frå fangeleirar vart
utsette for det same. Så hevnmotivet held ikkje som dekkjande forklåring, hevdar
historikaren.
Brakke-erotisme
I boka peiker Beevor på andre årsaker til
massevaldtektene. Soldatane var ofte svært unge, hadde blitt undertrykt av eige
befal i lang tid, gjekk nesten heile tida svoltne og var i ei svært dårleg
forfatning. Ved invasjonen av Tyskland var Raude Armeen usedvanleg udisiplinert.
Alkoholen florerte, tjuveri, øydelegging og valdtekter var ein måte å avreagera
på.
– Var valdtektene ein medviten strategi frå russarane si side?
– Nei, det er lite som tyder på det. I arkiva finn ein fleire døme på offiserar
som freistar hindra soldatane sine å valdta tyske kvinner. Propagandakontoret
sendte også ut fleire meldingar om at ein skulle venda hatet sitt mot dei tyske
soldatane, ikkje dei sivile. Sjølv om dette ikkje hadde nokon effekt på
framferda til soldatane tyder det på at valdtekt ikkje var ein del av den
millitære strategien, seier millitærhistorikaren.
– Den feministiske påstanden om at valdtekt er ein måte å visa makt på og ikkje
har noko med seksualtet å gjera, stemmer berre delvis i dette tilfellet. I
Bosnia er det openbert sant: Valdtektene var ein del av den millitære taktikken.
I tilfellet med russarane er dette noko annleis. I starten, ved innvasjonen av
Aust-Prøysen ser det ut til å handla mykje om makt. Men etterkvart som eg
oppdaga at alle kvinner var i fåresona fekk eg augo opp for at dette òg måtte ha
noko med soldatane sin eigen seksualtet å gjera.
Beevor fortel i boka om korleis Sovjet tidleg på 1920-talet hadde opne ordskifte
om seksualitet, men at 30-talet snudde opp ned på dette. Abort vart ulovleg.
Homoseksualtet også. Seksualundervisninga forsvann i skulen. Menneskelege
drifter og personlege kjensler skulle undertrykkast. Inkje skulle stå mellom
folket og Partiet.
Dei fleste uutdanna soldatane i Raude Armeen leid såleis av ein kombinasjon av
mangel på seksuell fridom og djupe kvinnefiendtlege haldningar. Resultatet vart
det ein russisk forfattar kalla «brakke-erotisme».
Tysk sjølvrefleksjon
Günter Grass' nye bok I krabbegang
skildrar seinkinga av det tyske flyktningerskipet «Wilhelm Gutloff». 9000 tyske
sivile døydde. Få har høyrd om hendinga. I Tyskland har ein ikkje snakka om det
før no. Utgjevinga har skapt auka fokus på tyske menige soldatar og dei sivile
sine lidingar under 2. verdskrigen. Kan Beevors bok sjåast i samanheng med Grass
si?
– Nettopp! Tilliks med Grass ønskjer eg å visa korleis dei sivile leid på båe
sider, også den tyske. Det er heilt naudsynt å snakka om overgrepa og
massevaldtektene den tyske befolkninga vart utsett for, særleg kvinnene, seier
Beevor. Han understerker at eit slikt ordskifte ikkje berre vil råka den
russiske sida, også USA og Storbritania vil måtta tola nytt lys på sine
millitære strategiar mot den tyske befolkninga.
– Du er ikkje redd for at eit slikt ordskifte skal føra til ein tysk
revansjisme, der Hitler og nazistane får mindre ansvar?
– Takk gud for at det var Günter Grass som skreiv den boka! tenkte eg då ho kom.
Eg er samd i at det kan vera ein fåre. Men om ikkje venstresida tar opp dette
ordskiftet vil ytste høgre heller gjera det, seier Antony Beevor.
Eldre klipp
1
2 3 4 5
6 7
8
9 10
11
12 13
14
15 16
17
18
19
20
21