Klippet fra Bergens Tidene 18 juni 2002
Som bebuar på
statens asylmottak vart «Imara» valdteken og sexmisbrukt.
No skal ho utvisast frå Norge, tilbake til Sri Lanka. Men
ho vil heller dø.
Per Marifjæren 18.
jun, 06:04
27. mai i år skulle «Imara»
sendast med tvang tilbake til Sri Lanka. Medan politifolka
venta utanfor på at ho skulle pakke sakene sine, såg ho
sitt snitt til å ta ein overdose tablettar.
Skulle tvangssendast
Episoden førte til
at reisa gjekk til akutten på Haukeland, i staden for med
politieskorte til Colombo via Oslo.
Vi møter «Imara» i loftshusveret ho disponerer på Landås.
Det er heilt unormalt at UDI buset asylsøkjarar i eigne
husvære før dei har fått permanent opphaldsløyve. Men «Imara»
er ikkje noko normalt asylsøkjar-tilfelle.
Det er ei i lita, redd kvinne med ei hjarteskjerande
historie å fortelje vi møter. Ei kvinne som held seg minst
mogeleg heime i leilegheita. Ho veit ikkje når politiet
vil dukke opp for å sende henne ut av landet.
To veker er gått sidan livet hennar vart snudd på hovudet.
«Imara» hadde på eit vis normalisert livet sitt etter å ha
blitt valdteken på UDIs asylmottak i Jølster.
Overdose
Ho hadde fått seg
eige husvære i Bergen, hadde starta skulegang. «Imara»
trudde ho skulle få positivt svar på søknaden om opphald.
Problemet starta denne gongen med at «Imara» heller vil
arbeide enn å gå på sosialhjelp. Ho vil tene sine eigne
pengar.
På råd frå UDI gjekk ho difor til politiet i Bergen for å
få eit mellombels arbeidsløyve. Men då politiet sjekka
rundt henne, fann dei berre det avslaget ho fekk på
opphaldsløyve i år 2000. Ifølgje politiet eksisterer det
ikkje noko vedtak om oppsettande verknad, dvs. ei
utsetjing medan saka blir revurdert, slik «Imara» og
advokaten hennar har hevda.
Dermed vart «Imara» - som kom for å skaffe seg eit
arbeidsløyve - halden tilbake hjå på politikammeret i
Bergen. Deretter følgde to betjentar henne heim for å
pakke sakene, men ho klarte altså å ta ein overdose.
«Imara» s historie
Historia om
singalesiske «Imara» startar på Sri Lanka. Med ein
valdeleg far, ei mor som i lange periodar måtte flykte, og
faren som let det gå ut over dottera. «Imara» fortel
detaljert. Om overgrepa i heimen, om skamma i familien og
at ho ikkje har noko heim eller familie å vende tilbake
til.
Vidare fortel ho om korleis ho betalte agentar dyrt for å
komme til Norge som au pair, korleis ho trudde på at ho
skulle få bu og arbeide her i landet.
- Eg var så dum og lettlurt, men eg kunne ikkje vere
heime, seier ho.
Via byrået på Sri Lanka kom «Imara» til ein familie på
Oslo Vest. Ho oppdaga raskt at ting ikkje var slik ho var
blitt lova. Ho vart halden inne, måtte arbeide med vask og
barnepass i mange hus. Ho fortel at ho vart prøvd misbrukt
seksuelt, at kvinna i huset ville ha henne til å posere.
At ho vart dopa, fotografert.
Reiste ikkje tilbake
«Imara» er enno
redd for at denne familien skal finne henne. Difor vil ho
ikkje stå fram med namn og bilete. Og ho er skamfull.
Dette er tabu for henne.
Første veka i det nye hundreåret gjekk turistvisumet
hennar ut. Vestkantfamilien sende «Imara» til Gardermoen
med ein flybillett i handa.
- Eg sa til dei at eg ikkje kunne dra tilbake til Sri
Lanka, men dei forlét meg på flyplassen, fortel ho.
Der vart «Imara» fleire timar seinare funnen av ein
vaktmann. Han kontakta politiet, og «Imara» hamna på Tanum
asylmottak.
Som einsleg, ubeskytta kvinne fekk ho problem. Ho budde
blant større grupper og familiar. Menn kom på døra hennar,
tvinga seg inn. Ho fortel om meir misbruk. Det er
vanskeleg, mange ord ho ikkje kan seie.
Etter å ha trygla om hjelp vart «Imara» plassert på ei
avdeling der det berre var barn, seinare vart ho
overflytta til UDI-mottaket på Vassenden i Jølster.
Valdtekt
Også her var ho
aleine som singalesar, som kvinne. «Imara» vart valdteken
av to andre bebuarar. Ho vart gravid etter valdtektene, og
aborterte.
«Imara» vart akuttinnlagt på psykiatrisk avdeling, og
sidan sendt vidare til Krisesenteret i Florø. Først då
vart valdtektene politimelde. Saka er seinare lagt vekk på
grunn av bevisets stilling.
Advokaten hennar, Walter Høivik, fortel at alle fagfolk
som har hatt med «Imara» å gjere, stadfestar at ho har
vore utsett for overgrep.
- Det er heilt meiningslaust og utruleg kynisk å
tvangssende denne kvinna tilbake, seier Høivik.
Eldre klipp
1
2 3 4 5
6 7
8
9 10
11
12 13
14
15 16
17
18